om

Fra spenninger til intensjoner

Min reise som førte til SoundOf.Business
av: Jon Eivind T. Strømme

Året var 2018.

Eg var mellom jobbar, fast bestemt på å bruke eit år til å lære entreprenørskap ved å prøve sjølv. Som alltid var hovudet mitt overfylt av idear og ambisjonar.

Eit møte med Aaron Mashano, ein suksessrik entreprenør frå Zambia, var planlagt. Det kjentes spesielt. På same måte som meg var han fødd og oppvaksen i Afrika og interessert i entreprenørskap.

Vi sette oss ned, og eg byrja å ramse opp bakgrunn, idear, planar. Etter kort tid stoppa han meg. Han såg meg rett i augo og sa:

“You have to solve your tensions, before pursuing your intentions….” / “Du må løyse dine spenningar, før du kan fylgje dine intensjonar…”.

Det traff meg hardt.

Denne framande mannen såg tvers gjennom meg. Gjennom iveren, gjennom snakket. Eg vart opna opp, og ein floke av spenningar vart synleg. Eg vart sendt tilbake til start. Tilbake til meg sjølv.

Kvifor all denne spenninga?

Eg er eit misjonærbarn som vaks opp mellom ulike verdener. Mellom eit liv som kvit gjetar under Afrikas sol, for deretter å prøve å passe inn i det rikaste og mest homogene landet i verda: Noreg. Me flytta, og flytta. Att og fram, alltid på veg. Som åtteåring flytta eg heimifrå og vart sendt på internatskule – “tilpass deg eller bli ståande utanfor”.

Under skalet var eg ein følsam gut, ei kreativ sjel, ein ung entreprenør. Før skulealder dreiv eg småhandel med å selje godteri til systrene mine. På internatskulen eigde eg høns og selde egg til lærarane. Livet mitt har alltid vore ambisjonar parallelt med pågåande spenningar.

Så – kva no?

Dei siste åra har eg møtt spenningane rett på. Eg har skrive dei ut, teikna dei, fortalt dei. Sakte har eg løyst opp knuten og grepet spenningane har hatt på meg. Eg har vakse, blitt roligare og funne spor for vegen min vidare.

Kva har eg funne?

Aksept – og innsikt i at spenningar er lærarar i forkleding. Eg har innsett at alle åra som tilskodar, på leit etter å passe inn, har skjerpa evna mi til å analysere. Eg har innsett at det religiøse språket, forteljingane, dei abstrakte omgrepa og dei stadige miljøskifta har lært meg å tenkje i bilete, i analogiar, i historiar.

Og eg innsåg at å sjå verda gjennom denne linsa – alltid prøve å knyte saman fragment og visualisere for å forstå heilskapen – var måten eg fekk ting til å gje meining på. Kanskje er dette nyttig óg for andre?

SoundOf.Business vart til, som ein invitasjon til å diskutere tankar, modellar og rammeverk for å forstå teknologi, forretning og vår plass i det heile.

I ei verd som går stadig fortare, håpar eg at mitt lydspor kan resonere med deg. At det kan hjelpe deg å forstå litt betre kor vegen din går vidare.

Det er mi intensjon.

Jon Eivind T. Stømme

© 2025 SoundOf.Business

Laget med inspirasjon

hello@soundof.business

© 2025 SoundOf.Business

Laget med inspirasjon

hello@soundof.business